Pressemelding -
Nærbø-bonde frontar nasjonal kampanje
Synnøve Veien (34) bytta ut jobben i oljebransjen med jobb som heiltidsbonde ved årsskiftet. No er ho ein av fem bønder som frontar ein ny kampanje for Norges Bondelag.
- For meg var det eit verdival å bli bonde på heiltid i staden for å jobbe i olja. Eg var heldig som hadde denne moglegheiten og eg har ikkje angra, seier Synnøve Veien.
- Det kjennest bokstaveleg talt meir jordnært å vere bonde, og eg synst det er artig å få lov til å fronte yrket gjennom kampanjen Norge trenger bonden, seier ho.
- Krevjande å vere matfat og oljehovudstad
Kampanjen Norge trenger bonden er dratt i gang av Norges Bondelag i forkant av årets jordbruksoppgjer som startar på måndag. Synnøve Veien kjem opphaveleg frå Gloppen i Sogn og Fjordane og har budd på garden på Nærbø i 12 år. Mannen har drive mjølkeproduksjon, og ved årsskiftet bestemte ho seg for å ta over rugeeggproduksjonen på garden. Veien trur Rogaland er eit fylke som treng bonden meir enn nokon gong før.
- Det har vore krevjande for Rogaland å vere både matfat og oljehovudstad. For den einskilde som mister jobben som følgje av nedturen i oljebransjen er det sjølvsagt veldig vanskelig, men for samfunnet i sin heilskap trur eg det er sunt med ei endring, seier Synnøve Veien.
Godt landbruksmiljø i Rogaland
Ho skryt av det gode og driftige landbruksmiljøet i Rogaland.
- Eg opplever at det er mange positive bønder i Rogaland. Før eg bestemte meg for å seie opp jobben var eg i kontakt med mange som framsnakka kvardagen som bonde, og ga meg lyst til å satse. Eg kjenner meg heldig som hadde det valet, seier Synnøve Veien.
Ein annan som skryt av bøndene i Rogaland er leiar i Rogaland Bondelag, Ola Andreas Byrkjedal.
- Eg trur landbruket i Rogaland går ei god framtid i møte. Det er mange unge, dyktige bønder som tar over gardane og som satsar. Men det er viktig at også styresmaktene ser verdien av landbruket og tar omsyn til matjorda i planprosessar, understreker Ola Andreas Byrkjedal.
- Landbruket ein del av løysinga
Jordbruksoppgjeret mellom landbruket og staten startar på måndag. Byrkjedal håpar at regjeringa ser kva moglegheiter som ligg for verdiskaping i norsk landbruk, no når arbeidsløysa går opp.
-Rogaland og resten av Sørvestlandet opplever stor arbeidsløyse for tida. Dersom staten investerer meir i norsk landbruk og norsk matproduksjon , vil det gje moglegheiter for auka verdiskaping og nye arbeidsplassar innafor næringsmiddelindustrien og bygg- og anleggsbransjen. Landbruket må vere ein del av løysinga i nedgangstider, seier Ola Andreas Byrkjedal, leiar i Rogaland Bondelag.
Les meir om kampanjen Norge trenger bonden og Synnøve Veien på www.norgetrengerbonden.no
De andre bøndene som er med i kampanjen er
Lise Kaldahl Skreddernes (48), verdas nordlegaste mjølkebonde i Lebesby, Finnmark
Kjell Robert Schultz (32), sau-, korn- og grisebonde i Skaun, Sør-Trøndelag
Anne Strøm Prestvik (36), andelsbonde med økologiske grønsaker i Nittedal, Akershus
Thomas Meyer French (46), økologisk mjølkebonde og drivar av gardsbarnehage i Åmot, Hedmark
Kontakt:
Synnøve Veien tlf 958 40 560
Leiar i Rogaland Bondelag, Ola Andreas Byrkjedal tlf 920 26 833
Kommunikasjonsrådgivar i Norges Bondelag, Inger Johanne Sæterbakk tlf 958 00 060
Emner
Kategorier
Norges Bondelag arbeider for å bedre vilkårene for landbruket og synliggjøre landbrukets betydning for samfunnet. Bondelaget er partipolitisk uavhengig og den ledende organisasjonen for næringspolitikk og service i landbruket. Med 62.000 medlemmer, om lag 550 lokallag, 18 fylkeslag, gode politiske kontakter og høy faglig kompetanse er vi en sterk organisasjon.