Gå videre til innhold
Svært lågt nivå av antibiotikaresistens i norske svinebesetningar

Pressemelding -

Svært lågt nivå av antibiotikaresistens i norske svinebesetningar

Nesten 1000 norske svinebesetningar er i vår testa for antibiotikaresistente gule stafylokokkar (LA-MRSA). Det vart funne smitte i berre ein av svinebesetningane. 

- Dette er svært gledelege tal for norske svinebønder, seier 1. nestleiar i Norges Bondelag, Kristin Ianssen.

- Desse funna stadfester at det vi gjer i norsk husdyrproduksjon virkar. Vi i landbruket skal halde fram med å gjere jobben vår med å sikre god dyrehelse og eit lågt antibiotikaforbruk, seier Ianssen.

Først i verda

Antibiotikaresistente gule stafylokokkar (LA-MRSA) er tidlegare påvist i 24 andre svinebesetningar her til lands. Dette er eit svært lågt nivå og Noreg er det første landet i verda som forsøker å nedkjempe smitte av LA-MRSA. Denne type bakteriar er relativt vanleg hos gris i mange land, og kan smitte mellom dyr og menneske ved kontakt.  Alle norske svinebesetningar med ti eller fleire purkar har derfor blitt testa for dette i år, og berre ei besetning var smitta av LA-MRSA.

- Dette er eit resultat av god dyrehelse og lite bruk av antibiotika i norsk matproduksjon. I arbeidet med LA-MRSA har vi fått kunnskap om at folk kan vere ei smittekjelde for gris her til lands. Resultata har derfor vore ei påminning om kor viktig det er med godt smittevern på kvart enkelt gardsbruk, seier Kristin Ianssen.

Antibiotikaresistens er eit samfunnsproblem

LA-MRSA hos gris vart påvist første gong i Noreg i 2011. Denne smitten er blitt følgd opp og dei fleste besetningane har sanert. Mattilsynet vil no etablere årleg overvaking for antibiotikaresistente gule stafylokokkar hos gris. Det er ei ordning Noregs Bondelag ønskjer velkommen.

- Antibiotikaresisten er eit samfunnsproblem. Det er viktig at samfunnet møter utfordringa med ein heilskapleg strategi , og at overvakinga blir vidareført på eit nivå som sikrar god kontroll også i framtida, seier Kristin Ianssen.

Må ivareta bonden

Nestleiaren i Norges Bondelag understrekar også at det er viktig å ivareta den enkelte svineprodusenten som opplever å få smitte i besetninga si og dermed hamnar i ein svært krevjande situasjon.

- Det er nødvendig at styresmaktene får på plass langsiktige og varige ordningar som dekkar dei økonomiske tapa bonden får som følgje av ambisjonen om å avgrense spreiinga av antibiotikaresistens, seier Kristin Ianssen.

Kontaktperson Norges Bondelag:

  1. nestleiar Kristin Ianssen telefon 951 83 787

Emner

Kategorier


Norges Bondelag arbeider for å bedre vilkårene for landbruket og synliggjøre landbrukets betydning for samfunnet. Bondelaget er partipolitisk uavhengig og den ledende organisasjonen for næringspolitikk og service i landbruket. Med 62.000 medlemmer, om lag 550 lokallag, 18 fylkeslag, gode politiske kontakter og høy faglig kompetanse er vi en sterk organisasjon.

 

Kontakter

Guri Wormdahl

Pressekontakt Pressesjef 93434200
Bjørn Gimming

Bjørn Gimming

Pressekontakt Leder 41275230
Sigrid Hjørnegård

Sigrid Hjørnegård

Pressekontakt Generalsekretær i Norges Bondelag 975 08 901
Kevin Karlsen Nordnes

Kevin Karlsen Nordnes

Pressekontakt Kommunikasjonsrådgiver 48438886
Guro Bjørnstad

Guro Bjørnstad

Pressekontakt Kommunikasjonsrådgiver 97506055